mandag 31. desember 2012

Nedtelling...

...til eit nytt år,
eller til alle nyttårsbukkane som er venta?
Ulike meiningar i heimen.


For å korte ned tida
gjorde me dette:

DIY: Papirpose til nyttårsbukkgodteriet


Du treng dette.


Bruk ei side av avisa.


Brett over slik at sidene overlappar og tape sidene saman.


Brett inn hjørnene.



Brett inn som vist og tape over. 
Sjekk at botn er tett -ein kan ikkje
risikere å miste ut godteri!


Klipp av øverste del av posen slik at du får ein passeleg 
godteposestørrelse.




Klipp ut sirklar og lag ei urskive.


Fyll posen med godteri.


Klokka tolv byrjar eit nytt år!
Takk for det gamle.

2 kommentarer:

Sonja frå Sunnfjord sa...

Kjekke godteposar!
Her er det jo vanleg med julebukk, men i år har det ikkje kome ein einaste ein... kanskje ungane får meir enn nok snop heime!?
Godt Nytt År!

Barbros lille atelier sa...

Så stilig!! Kuleste nyttårsbukkgodtepose jeg har sett!

Et riktig godt nytt år til deg!!

Klem