mandag 17. desember 2012

Fuglemat


Ein må ikkje gløyme fuglane om vinteren!


Bland fem - seks - sju koppar jordnøtter (Felleskjøpet),
ein pakke sesamfrø, ein pakke linfrø,
ein pakke solsikkefrø (med eller utan skal),
rosiner eller tranebær
og tre pakkar delfiafeitt.

(Det er forbode med havregryn for det svell opp i magen på fuglane, 
lærte eg av butikkmannen.)


Bruk det du måtte ha for å henge dei opp med.
Me brukte gamle konglar, greiner, vinkorkar og mjølkekorkar. 


Fyll ein halv plastkopp med fuglemat,
legg feste med hyssing oppi 
og fyll på med meir fuglemat.
La det stå nokre timar til delfiafeittet har stivna.

Klipp av plastkoppen og heng opp!


Super aktivitet med born i førjulstida.
-Og så kjekt det er å studere fuglane på nært hald!



1 kommentar:

Sonja frå Sunnfjord sa...

Så fint at nokon hugsar på fuglane:) Eg tenker kvar vinter at eg skal vere flink med dette...
Har du forresten sett dette: http://moseplassen.com/2012/12/fuglenes-juletre-slik-lager-du-dekorativ-fuglemat-som-vist-pa-god-morgen-norge/#more-27164? Eg ser ho har brukt havregryn i si blanding.