fredag 2. november 2012

Vinterkrans for den tålmodige...



Det begynte så fint.
Eg skulle lage meg ein krans
av restegarn, og eg
hadde lenge tenkt ut
korleis den skulle vere.

Svinsa innom Panduro,
kjøpte ein isoporkrans på 28 cm og
ekstra lim til limpistolen.


I pur glede over det
eg skulle bruke ettermiddagen på, kjøpte eg (imot alle mine prinsipp)
ei gåve til heimen; betongbokstavar frå Kremmarhuset.
Og sidan eg er ein fjortis i hjerte - og dei var på tilbod,
 kunne eg ikkje dy meg.


Så satte eg entusiastisk igang med arbeidet...



Restekorga vart tømt for blått, grått og grønt.


Eg surra og limte, surra og limte, surra og limte.... Gud hjelpe meg.


Resultat etter tre dagar med manisk surring og liming 
-og endå ikkje ferdig!

For ikkje nok med at dette
tok uhorveleg mykje lengre tid enn planlagt, 
måtte eg ut og kjøpe meir garn,
 for dei (sikkert 50!) nøsta
med restegarn eg 
hadde i fargeskalaen, var ikkje nok.

(Takk og lov fjortisen tenkte at etter 
sol kjem det regn. Eller noko i den duren...)

Men, det var verdt det.


No kan det bli vinter og vår. Eg er klar!






3 kommentarer:

Barbros lille atelier sa...

Ha, ha, ser for meg den maniske surringen, ja:-)
Herlighet, for en jobb! Men det ble grådig stilig!
Utrolig dekorativt!

Ha en riktig fin helg!

Klem

Sonja frå Sunnfjord sa...

He, he, he! Eg lo godt då eg såg *teikninga*... eg laga jo eit enkelt hjerte av restegarn, og eg syntes det tok lang tid:) Men flott vart den iallfall! Finfine fargar:)
Ha ei super helg!

Line sa...

Eg er nesten overraska over kor fint det blei. Hadde vanskeleg for å sjå for meg ein krans av ull, men den blei rett og slett kjempestilig!!