søndag 4. november 2012

Fire kveldar, fire huer


Enkelt som berre det,
og resultatet blir både praktisk og deilig.

Du treng 2 nøster og pinne nr. 5-6-7
Legg opp 60 masker med tjukt ullgarn, 
som til dømes Eskimo, PT3, Andes eller Fritidsgarn.
(Eg har brukt pinne nr. 6 og Eskimo)

Strikk ribb, annankvar rett og vrang til arbeidet måler 6 cm.
Auk ei maske, 61 masker totalt.
For å få desse skrå rillene skal du fortsette å strikke to rette og to vrange.
Arbeide vil naturleg forskyve seg og rillene kjem fram.






Strikk til du ser at du har lite tråd att på nøstet og fell slik: 
Strikk to masker rett saman, ei rett, to masker rett saman... ut omgangen.
Strikk ein omgang rett.
Fell på samme måte ein gong til.
Tre tråden gjennom alle maskene, snørp godt ihop og fest tråden.









5 kommentarer:

elviras drops sa...

Effektiv og flink du er! Fine huer!

Trude :) sa...

Oi du e jaggu produktiv du og ;) Ha strikka ei slik hue sjøl og er veldig gla i mønsteret! Trur jammen meg eg må strikke ei til... :)

Line sa...

Kjempeeffektiv, flotte luer :)

Heidi sa...

Eg blei så inspirert at eg fann fram tråd og pinnar med ein gang! Eit tips: Auk til 61 masker etter brotet og du slepp å tenkje på kor ny omgang startar.

Billa Blå sa...

Tusen takk for glimrande tips!