søndag 19. august 2012

Tone Damli og alternativ frukost

Inspirert av Tone Damli si
radiospalte "Tones kjøkken"
P3morgen tidlegare i sommar,
har eg laga min eigen variant av hennar granola
som har eg lova å dele.


Heimelaga, sunn og supergod granola:

2 dl hakka mandlar
2 dl hakka hasselnøtter
1 dl hakka valnøtter
2 dl sesamfrø
2 dl linfrø
1 dl solsikkefrø
1 dl graskarkjerner
2,5 dl (minst!) kokosflak
masse kanel/ kardemomme (1ss minst!)
ein god neve tørka tranebær (eller anna tørka frukt)
2 ss kokosfett eller 1 dl rapsolje
1 dl vatn

Bland alt og legg det utover eit bakebrett.
Til denne porsjonen bør du bruke to bakebrett.

Steik blandinga på rundt 150 grader i 15-20 min. 
Følg nøye med for kokosflaka blir fort brent.


Vent til blandinga er avkjølt før du har den oppi ein boks.
La boksen stå open over natta,
då blir blandinga knasande og deilig til frukosten dagen etter!


Server med to-tre matskeier tyrkisk yoghurt, frukt og bær etter sesongen,
og gjerne med ein dæsj agavesirup eller akasiehonning til.
Den er òg god med berre melk over.






1 kommentar:

Randi sa...

Finally :)