fredag 3. august 2012

Detox, takk!

Ferie og festival har ført til
  eit ernæringsrelatert forfall,
og no er det tid for å ta eit grep.

Denne smoothien er
i tillegg til å vere umåteleg sunn,
veldig frisk, grønn og god!



Du treng:
Ein halv modna avocado
Ein liten eplebåt
Ein stor neve spinat
Ein halv lime
Ein kvast brokkoli
Ein halv kiwi
Ein liten dæsj jus (appelsin, grapefrukt, gulrot ++)

Dropp kiwi og/eller brokkoli viss du ikkje likar det,
dei stel mykje smak!

Mos med stavmiksar eller blender.





1 kommentar:

Inger Johanne sa...

Mmm! Både ser og høyres fantastisk godt ut! - og ikkje så dumt å eta litt sunt igjen, etter gamalt..hehe:-)

God helg til deg!
Klem