lørdag 21. juli 2012

Bom dia, Portugal!



Å reise for å føle
gjer mest meining.
For meg.

Det handlar om det du ikkje kan 
få for pengar.

Lisboa var fyrste stopp
på denne turen.
Ei gledeleg overrasking,
samt nokre aha-opplevingar.


Lisboa er ikkje ein flat og langstrakt by,
men har seven hills 
og ei historie prega av moriskar, jordskjelv
og for ikkje å gløyme Vasco da Gama! 

Mannen som var den fyrste 
til å segle 
frå Europa til India,
ved å segle rundt Afrika.

Det maritime museet var ikkje verdt bryet,
men bakeriet i bydelen Belém er det! 
Bakeriet ligg ca. 200 meter frå museumsopphopinga 
ved Mosteiro dos Jerónimos.


Lisboa er kanskje ikkje kjent som eit gastronomisk mekka, 
men i himmelens namn; ja takk til Pastel de nata!
Historia seier at desse småkakene, 
som portugisarane et nysteikte til frukost,
vart til ved at 
nonnene brukte eggekvite til å stive "nonnehettene" sine,
og måtte så finne på noko lurt 
å bruke eggeplommene til etterpå.

Veldig lurt!


Lisboa har ingen strender,
men ein kan på enkelt vis
ta toget ein halvtimes tid nordover til Cascais eller Estoril.




INGENTING i verda kan slå ein god marknad!
Marknaden i Lisboa vil eg rangere som middels i verdssamanheng,
- og eg trur eg veit kva eg snakkar om! 

Det beste var at eit ord, gløymt og gøymt i hukommelsen 
kom attende: Feira 
(... da Ipanema, Brasil - ei uforgløymeleg oppleving!).

Feira da Ladra er vel verdt eit besøk, 
men er kun ope tirsdagar og laurdagar.
Er du ikkje der då,
lever du utruleg nok (!) like godt utan.



Men skulle ein ynskje ein meir sofistikert handel 
må ein gå gjennom denne porten her.


Då opnar fashion street seg med kjedebutikkar 
og eit DØDSKULT motemuseum,
inkludert både kle og interiør - gratis!


Men Lisboa har meir å by på for RETROLOVERS:



Tram 28 - vel verdt ein trang tur eller to!
Eg tok den kvar dag fordi den stoppa rett utanfor hostel Alfama Patio,
som var eit glimrande hostel!

Avslappa patio med Jack Johnsen og Bob Marley på høgtalarane...

Deilig takterasse med sjøutsikt,
og eit herleg, lite pling frå trikken i gata kvart 15. minutt.

Og særdeles kunstferdige senger. 

Pluss i margen for female dorms med eigne toalett
og inkludert frukost i prisen. 
Særleg då det viste seg 
at frukosten var nysteikte pannekaker!
Kvar dag!!


På dette tidspunktet 
hadde eg konkludert med
at lågkarbo
og lågkalori
ikkje var eit tema
i dette landet her.

Etter 4 dagar i Lisboa
var det tid for å bytte beite.
3-4 timar sørover langs Algarve,
vart neste stopp Lagos.
Kjent for å vere Surfers Paradise
med alt det inkluderar...



Vakkert!

To dagar var nok.
Toga vidare i 2 timar
til den FINASTE og mest sjarmerande byen
i den sørlege delen av Portugal,
Olhão,
15 minutt aust for Faro.

Ung eller gammal,
åleine eller med familie,
denne byen er for ALLE
som vil føle lykke på jord.

Sjølv om den fyrste middagen, som var ein spesialitet, 
ikkje fall i smak (sardiner). 

Men eit herleg pensjonat,
Pension Bucar
midt i sentrum av travle kafégater
med skravlande, kaffityrste
og glade portugisarar
på veg til sin daglege morgonkaffi-kafétur,
gjorde til at Olhão 
vart eit høgdepunkt.


Denne takterassen med gassgrill og wi-fi gjorde sitt, 
og det gjorde ingenting 
om det ikkje var inkludert frukost.

Stort pluss i margen for
fantastic staff som hadde med seg
ungane på jobb,
slik at dei fekk praktisert engelsk.
Lurt!

Ingen strender i denne byen heller,
men ein båttur unna,
 ut til Ihla da Culatra (40 min)
eller Ihla da Armona (15 min) 
var verdt tusen strender på fastlandet!

Båtturane ut kosta mellom 3-5 euro t/r
og hadde avgang ca. ein gong i timen.


Ihla da Armona

Sjølv kor freistande det var
å berre ligge her,
med lydbok
og frukt,
trong kroppen å røre på seg.


Sykla frå Olhão til Tavira,
ein fin og i utgangspunktet enkel tur,
som skulle ta to timar.

Men i 35 varmegrader
og med tog i streik,
vart det ein lang tur.
Heldigvis for snill taxisjåfør som
rekvirerte den største taxien
for å få oss heimatt!

Tavira, ein nydeleg by.
Sykle gjerne hit frå Faro eller Olhão,
men pass på at toget går heimatt...


Obrigado, Portugal!










2 kommentarer:

elviras drops sa...

Så fin reisereportasje!
Høres ut som om du har hatt ein fin tur. Eg loffa rundt åleine i Portugal for ein del år sida og besøkte mykje det same som du, det var særleg Tavira som gjor inntrykk på meg:-).
Hadde ikkje hatt noko imot ein tur til Portugal no då det regnar og bles kraftig her....Huff, får håpe me får nokre fine sommardagar snart.
Klem

Susanne sa...

... og DER var den, jo. Den etterspurde reisehandboka!