onsdag 20. juni 2012

Storfint besøk og heimelaga bokstavspel

Ein litt vindfull fjelltur
med skulen i dag,
gjorde til at klassen min måtte ta eit lite stopp
hjå meg
for å ete opp nista og herje litt.

I helga laga eg min eigen versjon av 
memory-spelet eg las om
på bloggen til Ein gul knapp.
Tenkte mest på
nevøen min på 5 år
då eg laga spelet,
med bokstavar frå namn
på personar han kjenner.
Då kan ein spele vanleg memory,
og i tillegg lage ord og namn med brikkene etterpå.

Men det var (nesten) like kjekt
for 6. klasse!

Trebrikker frå Panduro malt med malingsrestar,
 og stempla med bokstavstempel frå Clas Ohlson.


For dei spesielt interesserte måtte eg finne fram
  vekkgøymd kjøleskapspoesi (på engelsk!).

Mens enkelte schlækkan i hengekøya.

Det gjorde eg òg då dagen var slutt. Puh!



(Berre sånn for å ha nemnt det
 så var15 personar aktivisert 
på 36 kvadratmeter i over ein time...)

1 kommentar:

Line sa...

Ein kjekk avslutning på fjellturen for elevane tenker eg :)