fredag 8. juni 2012

Meiningslause kvistar?


I grunnen tykkjer eg dette
er heilt meiningslaust og kanskje litt krampeaktig,
og hadde bestemt meg for at eg
aldri skulle bli ein av dei 
som lagar uro av kvistar.

Men så var eg på fjellet, då.
Venta fredagsbesøk og alt.
Lita tid.
Varmt i vêret og mogeleg vin
på ein mindre førebudd altan.
Ein kvist her og ein kvist der.
La gå.
Så har eg blitt ein av dei.




I lag med nokre skrantande hageblomar
kom det seg litt på ein elles grå og trist altan.


God helg!