tirsdag 1. mai 2012

Studering = effektivitet

Av ein eller annan grunn,
fekk eg det for meg at eg skulle
ta nokre studiepoeng 
i haust.

Lite hugsa eg då
tilbake på alle dei maidagane
eg for nokre år sidan sat inne og las
og las og las ... 
Og lova meg sjølv å aldri lese
fordi eg måtte
i mai


Men som kjent
blir ein særdeles effektiv 
i studietimen.
Ein ser ommøbleringsalternativ,
og må ommøblere.
Ein finn fram ein rukkete duk, 
og må stryke den.
Ein seier ja til å legge opp tre bukser.
Ein ser rot, og må rydde.
Særleg inni skåp.
Då må ein kanskje sy for å få det ryddig,
må ein ikkje?
Jo.

Klart det må ryddast her! I dag! 

Åh, eit gledens gjensyn med denne posen frå Notting Hill!

Sy, sy, sy og ver glad!

Rydd, rydd, rydd og ver glad!


... Og så tilbake til lesinga.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Berre hyggjeleg å kunne være til hjelp på ein sådan dag! Og så er eg spent på korleis du har omublert?? :D
Ps. Buksene satt som ei kule.

Billa Blå sa...

Me gusta el comentaro! :D Eg har ikkje gjort dei store synlege endringane, det er mest innvendige omkalfatringar. Er btw ferdig med både oppgåva og ein ny kjole. Me gusta my life! Godt buksene satt. Måtte dei sitte i all eve. :D