mandag 14. mai 2012

Regnvêrsputleri - Nøkkelhank

Møkkavêr
får meg i godt  humør.
Ingen grunn for å 
springe til fjells
og brenne kaloriar,
liksom!

Kan heller berre sette meg nøgd ned
ved symaskina
og sy
ein nyttig sak 
til jobbnøklane,
ettersom eg ikkje har sydd lommer
på dei siste kjolane.

Det eg gjere neste gong.


 Velg fyrst to veldig fine stoffbitar og sy dei saman.
Desse hadde ei breidde på omlag 8 cm (må vere overkommeleg å vrenge!)

Eg brukte ein kul krok frå Stoff og Stil som har eit lite ledd slik 
at ein kan snu den rundt som ein vil. 

Sy forsiktig så tett inntil kanten på kroken som mogeleg.

Ser i ettertid at det kunne vore meir estetisk fascinerande 
å skrå stoffbitane før eg sydde dei saman. 

Men kva dunderen
Neste gong... 

3 kommentarer:

mokka sa...

Du må ha skolens mest fancye nøkkelhank <3
VIrkelig stilig
Du får dure i vei på maskinen din i drittværet så får vi ta oss noen deilige fjellturer nå og hvis sommeren kommer

Billa Blå sa...

La oss håpe på SOL og SUMAR snarast!

Elisabeth sa...

knall stilig nøkkelhank!! Håper du lager fleire slike ein gang det blir drittvær att...og at ei slik ei kan dryppe på meg :D :D