tirsdag 15. mai 2012

Pimp my ride!

Eg drøymer kvar vår
om ein nostalgisk,
feminin og elegant damesykkel.
Helst med korg, brunt sete og stilige dekk.

Diverre har eg ikkje behov for ein ny sykkel.
Berre veldig lyst på ein!

Så for å trøyste meg sjølv
pittelitt,
har eg sydd eit nytt trekk
til setet til 
sykkelen som er god nok.
Berre ikkje så fin!


DIY - Sykkelsetetrekk

Ikkje så flatterande 
der han står med ein slapp Rema1000-pose som trekk...
Eg tok utgangspunkt i Pickles sin framgangsmåte, og dette gjekk raskt
Tippar eg brukte 20 minutt på heile prosjektet!

Mål fyrst opp setet på kryss og tvers, 
og helst mål sånn omlag kor tjukt det er på det tjukkaste (til remsa rundt).

Teikn eit mønster. Legg på ein cm på lengda og breidda. 
Det må ikkje vere supernøyaktig, 
men ver sikker på at det er langt nok frå framme til bak på setet.
Klipp mønsteret som vist på biletet, 
då vert det likt på begge sider (altså, brett arket i to!) 
Eg teikna på matpapir, det var breidt nok.

 Grønt er skjønt! 
Særleg denne voksduken frå Stoff og Stil.
Eg laga kun mønster for sjølve setet, 
deretter klipte eg ut ei lang remse på omtrent 6 cm 
som eg festa rundt sjølve setetoppen.

Klipte ein del hakk i dei avrunda hjørna slik at det vart lettare å sy 
(og finare kant i buane). 
Mitt sykkelsete har ei spissare form enn sykkelen Pickles har laga trekk til. 
Det var litt klurete, men det gjekk! Kan vere lurt å prøve å bue tuppen så mykje som mogeleg for ein finare saum.

Forma så ei lita skål av trekket då den lange remsa var sydd på. 
Det var enkelt med denne voksduken,
 og eg slapp å bruke nåler.

Sy rundt kanten. 
Hugs å la det vere att ei opning. Trekk eit strikk gjennom.

Que bonita!

1 kommentar:

Barbros lille atelier sa...

Så lurt! Og så fint det ble!

Jeg trodde jeg hadde fått lagt deg til i blogglisten min,
men den har visst vært helt full, slik at jeg ikke har fått lagt til nye blogger. Nå har jeg laget en ny bloggliste, så nå skal jeg få en ordning på det:-)