lørdag 19. mai 2012

30 år, og så godt som like blid...

...stod det på invitasjonen
til ein av dei finaste 
og snillaste personane eg kjenner.

Min barndomsven,
som alltid gjekk sikksakk på veg til skulen
for han heilt sikkert
dagdrøymde om eit eller anna.
Som stupte utfor både silo og høge tre,
med ein plastpose som fallskjerm
og måtte reise i all hast til Førde 
for å få beundringsverdig gips.

*

Som alltid lyttar aktivt,
og gjer velmeinande og konkrete råd. 
Som ringer viss han har noko på hjarta,
stort eller smått!

Den beste mannen i bygda er 30 år i dag,
og det skal feirast!



Trekasse kjøpt på Living, 
sjablongar frå Stoff og Stil og tekstilmaling 
(i mangel på noko anna...)
Bokstavsjablongane passa perfekt i høgda!


Og med noko attåt! 
Ferdigblanda knekkebrødmix med oppskrift på glaset.

Ein grøn (overlevingsdyktig!) plante 
med heimesydd potteskjular!


Gratulerer med dagen, T!

3 kommentarer:

Susanne sa...

Sett på makan... Kjekkaste 30-
årsdagspresang til ein MANN eg nokon sinne har sett! Likte veldig godt glaset med oppskrift. Heia DYMO!

Du har jo vore SO kreativ og bloggete i det siste. Nydeleg sykkelsetetrekk! Og DEN skjønne nøkkelhanka! Lyt laga meg ei slik til lærarnøklane, trur eg.

Billa Blå sa...

Hallais! har hatt ånda over meg i det siste. Så mange "gratis" fridagar, veit du! Eg har venta på livsteikn frå deg ;)

Line sa...

Flott gave! Den falt nok i smak og var jo passe mannleg med eit hint av deg ;)