lørdag 28. april 2012

Til øyredobbane

Kaos i øyredobbskåla
ga meg nesten åndenød.

Samla i hop det eg hadde,
sala på symaskina,
og så på 1-2-3 ...

... vart det orden.

Man tager hva man haver...

Fann fram ein tape som hadde ein passeleg diameter for dagens prosjekt.

Klipte ut nokre enkle blomster i papir.

Bestemte meg for å bruke litt filt frå restekassen på kunst og handverk på jobb. 

Klipte ut to blomster, den eine litt større enn den andre. 

Fann nokre fine silkeband. 
(Som eigentleg høyrer til eit scrabookingsett eg fekk 
til bursdagen av bror min for fleire år sidan!)
Strauk litt flisofix mellom laga for å unngå nåler før eg sydde bitane saman.

Ferdig!

Ikkje akkurat høgkulturell kunst,
men derimot særdeles nyttig i kvardagen!

3 kommentarer:

mokka sa...

Utrolig morsom øredobb holder!!
Du er virkelig kreativ
Ha en strålende 1. Mai

Billa Blå sa...

Takk, og god tur på fjellet til deg :) Eg er med neste gong.

Line sa...

Herlig praktisk!