søndag 22. april 2012

Jobbkjolen - ein ny favoritt i skapet!

Eg likar kjolar.
Og så går eg med kjole 
nesten kvar dag!

Ofte snik eg 
rundt i butikkar
og på kaféar
og berre ser på folk
sine kjolar.

Og så går eg 
heim og syr meg 
ein.
- Eller to eller tre!


Sydd i flaskegrøn tynnstripa cordfløyel, mønster nr. 23006 frå Stoff og Stil. 
Mønsteret hadde for vid halsopning så eg laga nokre skjulte innsnitt i nakken.
 Då satt den perfekt
Kan vere eit TIPS å droppe legget i nakken, - enklare å tilpasse den då. 
Det er vanskeleg å sjå på bilete, men erma har ein NYDELEG puff og eg har gjort dei 10-15 cm lengre enn dei opprinneleg var på mønsteret.


                     Praktisk lomme til nøklar og lypsyl, og heimelaga fake knappestolpe med veldig fine knappar frå Stoff og Stil.   


BEKLAGAR elendige bilete, men det nye bloggoppsettet er HORRIBELT! Det forandrar jo kvaliteten på bileta og forringar fargar og oppløysing. Skrekk og gru!

3 kommentarer:

Frk.Krossvoll sa...

Åååå, eg blir jo reint inspirert til å sette meg ned med symaskina og lage noko gøy når eg ser kva du lagar!!! Og eg må berre innrømme at eg har gått til anskaffelse av boka "Made by me" etter å ha lest bloggen din, og da er ei god bok!!!

Billa Blå sa...

Ja, den boka er ei sann glede for sjela! Men dette mønsteret er frå Stoff og Stil. Skal legge ut eit par kjolar til, tenkte eg :)

Anonym sa...

Du er knall flink Nina :):)

Klem jea