onsdag 18. april 2012

Finaste babyjakka i heile København!

Jentetur
til København 2010
dejlig hotell og timesvis med spankulering.
Ved hotellet låg Strikkeboden
og i vindauga hang ei jakke
som var sååå fin
at eg berre måtte ha mønsteret på den!

Bilete frå butikkvindauga

Skulle berre nett vente
til siste dagen
med å stikke innom
den butikken...

STENGT!
Lang i maska, ja!

Ny jentetur
til København 2011,
denne gongen inkluderte me sykkel
for å rekke
alt.

Kjøpte mønster og garn.
Vanskeleg mønster.
Feil på mønsteret!
Ingen hjelp å få frå butikken i Danmark!

Men,
 det vart ei veldig fin jakke
likevel.


Med verdas finaste knapp frå resteknappeboksen på Domus i Førde!

Her kjem mi tolking av mønsteret. 
Forhåpentlegvis enklare og rettare enn originalen.



Babyjakke med asymmetrisk lukking


Tynt ullgarn eller alpakkagarn, ca. 30 masker og 40 pinnar ribbestrikk = 10x10cm
Str. 3 mnd 
Ca. 70-100 gram garn.


Høgre erme:

  • Legg opp 48 masker på pinne nr. 3 (eller 3,5)
  • *3 vrange, 2 rette* (avslutt med 3 vrange)
  • Strikk rett over vrangt og vrangt over rett slik at du får eit vakkert ribbestrikka mønster
  • Spøt fyrst 5 cm utan å auke (oppbrett)
  • Deretter aukar du ei maske i kvar side på kvar 10. pinne 7 gongar (60 masker)
Rygg og forstykke:
  • Når arbeidet måler 20 cm (med oppbrett) legg du opp 40 masker på begge sider av erme (rygg og forstykke)
  • Strikk vidare over alle masker til skuldra måler 7,5 cm
  • Ta 60 masker (høgre forstykke) over på ein maskehaldar/tråd/anna pinne og strikk vidare over dei 60 resterande maskene (ryggen)
  • Strikk til ryggen måler 9 cm 
  • Gå tilbake til forstykket og fortsett der: fell dei 4 fyrste maskene på pinnen, strikk til arbeidet måler 9 cm og fell laust og fint av
  • Legg så opp 66 masker på ny pinne og strikk 9 cm (venstre forstykke)
  • Fell av 4 masker i halssida på arbeidet og strikk arbeidet saman med ryggmaskene (no skal du ha 140 masker på pinnen)
  • Strikk 7,5 cm (skulder) før du feller dei 40 fyrste og dei 40 siste maskene på pinnen
Venstre erme:
  • Fell ei maske i kvar side like mange gonger som du auka på høgre erme (kvar 10 omgang 7 gonger)
  • Strikk til venstre erme er like langt som høgre og fell laust og fint av
Montering:
  • Sy sidesaumar og ermesaumar saman 
  • Sy ei hempe til knappen som skal synast
  • Sy trykknapp inni jakka 

TIPS!
Eg la opp to ekstra masker i kvar side som eg spøta rett (alle omgangar). Det var enklare å montere jakka då, og det såg finare ut. 

PS! Mønsteret fins òg i 6 mnd og 9 mnd.

2 kommentarer:

Herman Grans ♥ sa...

Å! Den var fin :)
Me fant ein skikkelig nina-butikk i Køben: http://retrovilla.dk/cms/
Babystrikk, tapet og pastell!
Kjempefin!

Billa Blå sa...

Gracias! Særdeles godt for augene!