mandag 12. mars 2012

Restefest!


 Restekorg som er full.
Venninner med baby 
i magen.

Superenkle sokkar
 som tek omtrent 
to episodar 
Mad Men å lage.





Storleik: 2 mnd (du aukar berre pinnestorleik for å få sokkar som passar 4-6 mnd eller meir)
Garn: Tynt ullgarn eller tynn alpakka (t.d. Nøstebarn, Du store alpakka, Drops)

Legg opp 31 masker på pinne nr. 3

1. pinne rett
2. p: 1. maske laus av,  1 rett, kast, 13 rette, kast, 1 rett, kast, 13 rette, kast, 3 rette
3. p: Spøt alle masker rette (hugs å spøte kasta vridd, slik at det ikkje vert hol!)
4. p: 3 rette, kast, 13 rette, kast, 3 rette, kast, 13 rette, kast, 3 rette
5., 7., 9. p: Spøtast som 3. pinne
6. p: 4 rette, kast, 13 rette, 5 rette, kast, 13 rette, kast, 4 rette
8. p: 5 rette, kast, 13 rette, kast, 7 rette, kast, 13 rette, kast, 5 rette

Så spøtar du 8 gongar fram og tilbake rett, altså 4 riller.
Deretter spøtar du 28 rette, *snu, spøt 8 rette, 2 masker saman, snu* Gjenta ** til du har 10 masker att på begge sider. Då brukar eg å spøte omlag 10 cm med ei rett og ei vrang for for å få dei litt høge og elastiske rundt leggen. Sy dei saman bak og under. 

Pynt dei som du vil! 
(Kan vere lurt å pynte dei før du syr dei saman, særleg viss du har tenkt å hekle ein blomst å sy på)

(Dette er i utgangspunktet Madam Møllers babysokkar frå Nøstebarn, men eg har gjort eit par endringar som eg trur gjer sokkane betre å ha på!)


4 kommentarer:

mokka sa...

For noen nusselige sokker da.. Heldige de små som for disse. Du er en kreativ og artig jente <3
Klemmer til deg fordi du er så grei

Billa Blå sa...

Takk, Monica!

mhs blogg sa...

For en koselig blogg dette er! Har kikket innom for første gang, og har funnet flere gode ideer som jeg skal bruke. Nå venter jeg bare på noe fantasifullt og enkelt som vi kan lage til påske! Hint-hint :-)

Billa Blå sa...

Tusen takk, og for eit press! :-)