torsdag 16. februar 2012

Flettefint!


Fordelen med at det vert 
tidleg mørkt 
om kvelden,
er at ein samvitslaust kan
nyte ein vidunderleg
serie på dvd.

Ein sesong 
Downton Abbey
pluss
nokre nøster med garn
blir flettefine puter
å lene seg mot
- i neste sesong!



Begge putene er spøta med NEPAL frå Drops. 
Fint og rimeleg garn til puter, 
som dei sel på 
den vesle garnbutikken på jernbanestasjonen 
i Bergen. 
Nok ein skjult skatt!

Fyllputer er kjøpt på Stoff og Stil.

Kvit pute er 50x50: Legg opp 55 masker på pinne nr. 5,5. Strikk falsk patent over alle masker, unnateke dei 10 midterste. Der lagar du flettemønster på kvar 8. omgang (eller tettare om du vil). Strikk til arbeidet måler 96 cm og avslutt med to rette omgangar. Det går omlag 5 nøster på denne puta. 

Rosa pute 40x40: Legg opp 80 masker på pinne nr. 4 og strikk 1 rett, 6 vrange, 2 rette, 8 vrange (dette er masker til flettene seinare), 2 rette, 6 vrange, 2 rette, 8 vrange, 2 rette, 6 vrange ...* Avslutt omgangen med 1 rett. Neste omgang er alle maskene rette. Flettemønster på kvar 10. omgang. Spøt til puta er 40 cm. Det går omlag 2,5 nøster til framsida. Baksida kan spøtast som ein forlenging av framstykket, eller syast av fleece eller ullfilt. 


4 kommentarer:

Herman Grans ♥ sa...

Fine! Du bruker vel ca. 45 min på ein her og?! ;)

mokka sa...

Nydelige puter <3 du er en effektiv spøtedame, så jeg regner med du strikker en slik en på en kveld.
Ha en fantastisk fin helg
Klem til deg

Jeanett sa...

sånne ønsker jeg meg til bursdagen :) I hvit..:D du er jo bare sååå flink ;)

Billa Blå sa...

Godt å vite. Her kan alt skje ;)