lørdag 14. januar 2012

Vask vekk vinteren!

Snø igjen.
Kan ein berre ikkje 
bestemme seg for at det
snart må bli
vår!

Mens eg ventar 
spøtar eg filler 
som eg kan vaske vekk
heile vinteren med!


Legg opp 37 masker bomullsgarn og spøt halvpatent til du syns filla er passeleg stor.
Hekle ein liten blume og sy på!

Halvpatent: *Spøt tre masker rett, legg tråden på framsida av venstre pinne og ta fyrste maske på pinnen rett av og over på høgre pinne.* Du skal avslutte med ei enkel rett maske etter å ha tatt over den nest siste maska. 
Talet på masker må vere deleleg med fire + ei maske om du vil lage større eller mindre filler (36+1, 40+1, 44+1).  

4 kommentarer:

Herman Grans ♥ sa...

Du er så flink å spøte :)
Og blumane er jo so flotte!!
A+

Billa Blå sa...

Takk! *fniis*

Susanne sa...

Løøøvly! Ein sterk A frå meg også. Ingenting er som ei vaskefille med hugnad i kvar ei maske! Anar her ein salssuksess i Sofiiint-sortimentet... Må berre KOME I GONG fyrst ;D

Billa Blå sa...

Ja!! Vaskefiller må alle ha! Eg har starta produksjonen :D