Inspirert av fint
strikkearbeid laga av
bestilte eg meg ein pakke
med garn og oppskrift frå Pickles.
med den litt mindre knæsje fargen steinrøys.
Enkel,
men SKUMMEL oppskrift.
Eg måtte nemleg klippe i arbeidet.
Då erfarte eg at det låg få gode
forklaringar og framgangsmåtar på internett,
og oppskrifta var utydeleg for meg som aldri
hadde gjort det før.
Det gjekk bra.
Så vidt.
Prøver å legge ut ein trygg framgangsmåte her,
som kanskje ikkje er 100% etter boka,
men som funka veldig fint.
1. Damp plagget godt før du syr i det.
2. Snu det på vranga og tråkle ein tråd med
anna farge i midten av midtmaskene.
Det er der det skal klippast.
3. Sy ein rett saum midt mellom tråden du har tråkla inn og den siste
vrangstrikka maska (frå vranga blir det den rette).
Deretter syr du med små sikksakksting to-tre gongar over den rette saumen.
Dette skal funke på samme måte som ein kantar eit stoffstykke
for å unngå at det skal rakne.
Dette gjer ein på begge sider av den tråkla tråden!
4. Finn fram ei god saks og strikkepinnar
du skal bruke til å ta opp masker med etter du har klipt.
5. Klipp nøyaktig og forsiktig der kor tråkletråden er.
6. Plukk masker opp frå kanten.
Eg spøtar alltid fyrste omgangen rett med vridde masker.
Sikksakk-kanten dampar du ned og
syr fast på innsida, dersom det er nødvendig.
(Eg tråkla den berre fast med samme garn som jakka
er spøta i.)
Lurt triks er å markere kor knapphola skal vere før
ein begynner å spøte. Nok av gongar der eg har laga knapphol på feelingen
og har måtte rekke oppatt alt etterpå...
Så er det berre det kjekke arbeidet att:
å finne rette knappar!
PS!
Jakka har måla til medium,
men er lagt opp i str. L
då strikkefastheita til Pickles er L A U S !